Nye bilder

Skal Fossedalen bli utan fossar?

Fossedalen på nordsida av Dalsfjorden er igjen truga av kraftutbygging. Det same er området sør for Rørvika ved Førdefjorden, ein kjend oppgang til det kjende turmålet Blægja. For mange vil tapet bli stort om kvalitetane i så viktige og kjære landskapselement vert borte.

Forum for natur og friluftsliv i lag med Sogn og Fjordane Turlag og Naturvernforbundet går sterkt imot desse utbyggingsplanane. I Askvoll, Førde og Naustdal er det 12 utbyggingssøknader med i den “pakken” som NVE har sendt på høyring. Vi held på å misse fosselandskapa i store område.

Nettbasert utdanning og fremtidspolitikk

En Uførs matematikers kvaler.

Vi må ikke glemme hvor vi er fra, selv om vi har vært heldig.

Trim sjølv, Knut Magnussen!

I Firda den 24. jan. d.å. skriv Knut Magnussen i si faste spalte om “Trim for rasistar”. Han viser til organisasjonen Pegida som demonstrerar mot muslimsk innvandring til Europa. Denne gruppa marsjerar ikkje, slik Magnussen hevdar, dei går i demonstrasjonstog for å tilkjennegje eit politisk syn. Dei nyttar sin rett til å prøve å påverke europeeske styresmakter til å vere føre var når det gjeld den muslimske innvandringa til vår verdsdel. Dette synes Knut Magnussen tydelegvis er svært så ille. Ingen veit betre om alt mellom himmel og jord enn det journalister gjer, og ingen er visstnok meir perfekte enn det dei er. No skuldar Magnussen å fortelje lesarane kva for rase islam/muslimar tilhøyrer! For slik han ordlegg seg må vi forstå det slik at muslimar tilhøyrer ein eigen folkerase. Altså at det er rasisme å ikkje ynskje eit Europa under islam?

"Dødsdomen" for sentrum?

Dette er Magne Reidar Førde si overskrift frå debattinnlegg i Firda, og peikar på viktige forhold for utviklinga i Førde. Her er nemnt ulike årsaker til stagnasjon i sentrum/sentrum sør, der han spesielt viser til biltrafikken. Her blir det m.a. hevda “at kommunen tilsynelatande har vore aleine om å finne og fremje realistiske trafikkplanar, medan næringslivet har sete på gjerde og venta”.

Er det nokon som har «sete på gjerde» må det vere vegmyndigheitene som la dei gamle vegløysingane for dagens E39 på is i over 30 år! Dette har vore den vesentlegaste årsaka til at sentrum (sør) har måtte halde seg til gamle reguleringsplanar, med tilhøyrande strame rammevilkår i føresegner og parkeringsnormer for ønska utvikling.

Er det flyktningane som er framtida?

I Firda på laurdag 17. og måndag 19. januar kunne vi lese intervju og innlegg av avdelingsdirektør i NAV, Knut Steinar Eithungjerde. Han gir klart uttrykk for at fylket er og kjem til å bli ekstremt avhengige av arbeidskraft frå EU. Vi får vite at 10 % av den totale sysselsette befolkninga i Sogn og Fjordane er innvandrarar. Av denne gruppa er 2/3 frå EU. Kven er den resterande 1/3? Vi veit at ein del av denne andelen arbeidskraft kjem frå land utanom EU som f.eks. Filippinene, Thailand eller andre land i Asia.. Nokre av desse er gjerne kvinner frå Asia som har gifta seg med norske menn og dermed har fått opphalds- og arbeidsløyve. Desse kvinnene deltek i høg grad i arbeidslivet. Eithungjerde seier ikkje noko om kor mange av dei sysselsette i Sogn og Fjordane som er flyktningar, men det er rimeleg å anta at dei ligg nærare 1 % enn 3%. Uansett vil ein med god margin kunne seie at flyktningane utgjer mindre enn 2 % av alle sysselsette i fylket. Ut frå dette verkar det for meg at Eithungjerde har mista grepet på tallas tale når han med store ord hevder at flyktningane er utruleg viktige for utviklinga i fylket. Ikkje mindre utruleg er det at Firda følger dette opp som ei stor sak på måndag med å ta fylkespolitikarane sine utsegn som støtte for Eithungjerde sine framtidsprofetiar. Det er nærast provoserande når fylkespolitikarar av politisk feighet eller enda verre – kunnskapsløyse – hiv seg på fakkeltoget og jattar med avdelingsdirektøren i NAV sine påstandar. Er det forøvrig noe grunnlag for å hevde at eit høgare innbyggartal i seg sjølv fremmar utvikling og aukar det generelle velstandsnivået ? Det er svært viktig i denne debatten å skilje mellom arbeidsinnvandrarar og flyktningar. Det er ein kjent sak at større grupper av flyktningane blir klientifisert av den norske velferdsstaten og dermed har ei svært låg arbeidsdeltaking.

Å påstå at flyktningane som utgjer mindre enn 2 % av alle sysselsette i Sogn og Fjordane er framtida for fylket, er ikkje mindre enn ein hån mot alle dei 98 % som jobbar og held oppe fylket per dags dato og deira familiar. Kva signal er det du sender ut Eithungjerde? Kva er agendaen til Firda som sender ut ei slik fallitterklæring til fylket sitt? Klart ein skal ta vare på flyktningar som treng vår beskyttelse mot vald og krig, men dei er ikkje framtida! Framtida er sjølvsagt alle unge som blir født og veks opp i Sogn og Fjordane. Politikarane sitt hovudfokus må vere på desse ungdommane. Eller har de gitt opp å få behalde ungdommane i fylket? Ein må stoppe straumen av ungdommane ut av fylket og verkeleg gå inn for eit tettare samarbeid mellom næringsliv, fylkeskommune og NAV for å sikre at ungdommane både opplever og faktisk får ein knallstart på både utdanninga og etableringa i fylket. Det er ved å hjelpe ungdommane til å gjennomføre og fullføre vidaregåande skule, gje dei læreplass, gjerne betale utdanning gjennom traineordning frå næringslivet med forplikting til å arbeide i bedrifta i nokre år, etablerarlån osv. at vi får eit Sogn og Fjordane fylke med ei lys framtid.

Kampanje for masseinnvandring

I Firda den 17. januar får nordmenn vite kor lite vi er verd. På halve framsida i avisa vert det vist ein statistikk over kor elendig stoda hadde vore i fylket vårt, og i samfunnet, utan innvandring. Men her er noko som er utelate. Kvar er dei nordmenn som skulle høyre heime her? Det finns også statistikkar over dette, men dei er nok ikkje interessante då dei truleg ikkje samsvarar med haldningane til friabort-rørsla.

Angrepa på arbeidsmiljølova rammer sosialarbeidaranes arbeidsforhold

Stortinget er no i ferd med å behandle dei største og mest omfattande forslaga til endringar i arbeidsmiljølova på lenge. Blir forslaga vedtatt, kjem arbeidslivet til å bli dramatisk endra fordi arbeidsgivarane får større innverknad på kostnad av arbeidstakarane . Føreslåtte endringar går stikk i strid med formålsparagrafen i Arbeidsmiljølova om å sikre trygge tilsettingsforhold og likebehandling i arbeidslivet.

Også barnevernspedagogar, sosionomar, vernepleiarar og velferdsvitarar vil få ein anna, mindre fleksibel og mindre familievennleg kvardag. I likskap med ein nær samla fagrørsle, går Fellesorganisasjonen (FO) derfor imot desse endringane.

Vegvedlikehald i Fjaler

For tida pågår det ein debatt om vintervedlikehaldet på gards- og grendevegar og private vegar i Fjaler. Dette er ei sak som ei politisk nemnd har arbeidd med, og som har vore oppe i kommunestyret i alt 6 gonger i 2013-14.

Kommunestyregruppa til Fjaler SP har i heile prosessen prøvd å få fram sitt syn, både i nemnda og kommunestyret, men ikkje nådd fram med det. Ut ifrå at vi såg vi var i mindretal, valde vi å vere ein del av eit samrøystes kommunestyre då endeleg vedtak om brøyteabbonement vart gjort i sept-2014. I ettertid ser vi at dette burde vi ikkje ha gjort, og det beklagar vi overfor innbyggjarane i Fjaler.

Det varmaste året nokonsinne.

Gjennom NRK og norsk presse har vi fått informasjon frå Cicero om at gjennomsnittstemperaturen i verda i 2014 var den høgste nokonsinne. Det høyrest dramatisk ut og høyrest ut til å vere resultat av den globale oppvarminga som IPCC har spådd skulle komme for meir enn 25 år sidan. Årsaka til temperatur-oppgangen skal vere utslepp av klimagassen CO2.

Men er det så dramatisk som Cicero vil ha det til? Vi har no hatt 18 år utan stigning i gjennomsnitts-temperaturen, medan CO2 i atmosfæren har auka. Varmast nokonsinne, starta med registrering av temperaturen på 1800-talet i slutten av den vesle istida. Det var berre gledeleg at vi kom ut av den kalde perioden og den minimale auken av middeltemperaturen i 2014 burde vi også gle oss over. Det er førebels ingen grunn til angst for klimaet.

Posten og velsignelsen av fri konkurranse

Konkurranse har vore eit magisk ord for høgresida i mange år. Berre såkalla fri konkurranse får rå, vil alt bli så meget bedre! I mange land vert no sektorar som det offentlege har drive i lang tid, meir og meir privatiserte. Eller i alle fall omorganiserte til å styre seg som private selskap, der jakta på størst mogeleg profitt går framom alle andre omsyn. Privatiseringsinteressene er svært aktive i mange land innanfor sektorar som helse og utdanning, der fortenesteutsiktene er størst. Men alt dette ideologiske preiket om velsignelsane av fri konkurranse har fått mange forskarar til å undersøkje konkrete tilhøve i mange land. Og dei finn rikeleg med døme på at når selskap skal drive med fokus på maksimal forteneste, så leverer dei dyrare tenester. Og ofte også dårlegare. Men det rokkar visst ikkje ved høgresida si evige sanning om at konkurranse gjer tenester billegare.

Mi postboksleige

KVA SKAL BARNET HEITE?

Magnar Hellebust, Viksdalen

I Firda 3.januar 2015 er det eit oppslag om at det skal veljast namn på den nye storkommunen som Høgre vil etablere i Sunnfjord. Namnet skal avgjerast før om ein i det heile veit at det vert ein storkommune. Ville tru at det skulle vere ein politisk prosess. Eller er det slutt på det. Berre tvang som rår.

Kapstad tek feil om miljøkonsekvensar.

Eg hadde bestemt meg for at eg hadde sagt mitt om fjorddeponiet. Men straumen av feilinformasjon ser ikkje ut til å ha nokon ende. Bjarte Kapstad skriv her i avisa 17/1-14 om “millionar av tonn med miljøskadelege massar i Førdefjorden”. Eg utfordrar Kapstad på å underbyggje denne påstanden. Kva miljøskadelege komponentar er det han tenkjer på? Kva slags miljøskader er det han ser for seg? Kan han vere meir konkret?

Eg meiner at Kapstad tek grundig feil. Det finst ikkje faktagrunnlag for påstandane hans. Når han skriv at sjødeponiet kjem til å skade andre næringar i regionen, er dette og ein påstand som eg trur han slit med å dokumentere. Det same gjeld konsekvensane for reiselivsnæringa. Det er reine spekulasjonar.

Pelsdyrnæringa

Noko som må endrast mykje før vi kan få ei ny og betre verd, er synet på dyr. Dei er også delar av Guds sjel, slik alt liv er. Skaparen og det skapte er eitt. Dyr, fiskar og andre livsformer har nervesystem, og kjensler og tankar som dei sender ut via sine energiar, og som dei også mottek frå andre skapningar. Til dømes veit livet i Førdefjorden godt at livsgrunnlaget deira no er trua.

Nyttårsønske 2015

Vi har begynt på et nytt år, og da gjør vi opp noen tanker om året som er gått, og det året vi for få uker siden har begynt på,. I 2015 skal uføre betale mer i skatt, et resultat flertallet i stortinget vedtok i 2011,målet var at det skulle bli lettere å kombinære trygd og jobb. Uføre får høyere brutto trygd i år , enn de gjorde i fjor, slik at de får omtrent like mye utbetalt i år , som i 2014. PÅ meg virker det litt merkelig at de skal øke brutto uføretrygden, og trekke mer i skatt, slik at nettoen blir omtrent like mye som den var i fjor. Men det har noe med at uføre skal betale like mye i inntektskatt som de som er i det ordinære arbeidslivet, 27 % i inntektskatt.

Uføre som jobber i Attføringsbedriftene får ingen kompensesjon for at de må betale mer i skatt

Samferdselstankar ved årsskiftet.

Samferdselstankar ved årsskiftet.

Sett frå Noregs Automobilforbund si lokalavdeling her i Sunnfjordbygdene og Ytre Sogn har den siste tida vore spennande. Vi har endeleg fått ei avgjerd om kvar stamvegen på Vestlandet skal krysse Nordfjorden. Som venta var det svært mange som var usamde i denne avgjera Men slik er det i eit levande folkestyre.

EITT SENTRUM I FØRDE !

Vil/kan ikkje polikarane våre lære av det som har skjedd med andre byar, der det er lagt eit sentrum-2 i bilavstand frå det eigentlege sentrum?
Saka om mogeleg utviding av det noverende handelsområdet til ein diger handelspark på Brulandsvellene er så viktig at den bør utsettast til kommunevalet til hausten! Har fått vite at ei folkeavstemming samtidig med eit ordinært val ikkje kostar noko ekstra for kommunen. Innbyggarane må få uttale seg før politikarane tek ei avgjerd !!!

Fjord-deponi, konsekvensutredninger og føre-var prinsippet

På debattsidene i Firda har Ap-politiker Bjarte Kapstad fra Førde et innlegg som gjentar en rekke påstander om fjord-deponi som professor emeritus Einar Sletten, jeg og flere andre tidligere har tilbakevist på Firdas debattsider. Kapstad bruker bl.a. et innlegg i avisen Dagbladet som belegg for at “fjord-deponiet er en av de største planlagte forurensningene i Norgeshistorien”. Kapstad kvir seg heller ikke for å diskreditere institusjonene som har utført konsekvensutredningene for Engebøprosjektet med å omtale dem som «betalte konsekvensutgreiere for Nordic Mining». Jeg har selv vært involvert i prosjekter for konsekvensutredning for vurdering av miljømessige konsekvenser av åpning av nye leteområder for olje/gass-virksomhet, men har aldri opplevd at konsulenter og forskere som jobber med slike utredninger har formet sine konklusjoner etter hva som måtte være oppdragsgivers ønske med utredningen. Institusjonene som står bak arbeidet med Engebøprosjektet har høy faglig troverdighet, og det er helt usannsynlig at de skulle være kjøpt og betalt av Nordic Mining slik Kapstad antyder i sitt innlegg. Så interessante TV-programmer tror jeg ikke det blir med denne innfallsvinkelen.

Det statlige organet som har vært mest kritisk til fjord-deponiet, er Havforskningsinstituttet (HI). Men HI har aldri påstått at fjord-deponi vil være en enorm kilde til forurensning av Førdefjorden slik Kapstad synes å tro. I Havforskningsrapporten deres fra 2012 (s. 46-49) kan vi tvert i mot lese at Nordic Mining ikke har søkt om utslipp av giftige kjemikalier. HI har heller ikke påstått at steinstøvet er giftig for livet i fjorden. Kapstads påstand om at utslippene ikke er vurdert i forhold til mattrygghet og helse har således ingen rot i virkeligheten. Så her er Kapstad og hans meningsfeller på kollisjonskurs med så vel betalte som ubetalte faglig kompetente personer og institusjoner som har vurdert Engebøprosjektet.

Refleksjonar

Vi har nyleg feira jul til minne om ein som kom for over 2000 år sidan, ikkje for å frelse oss ein gong for alle, slik vi feilaktig har blitt indoktrinert, men for å lære oss å frelse oss sjølve ved å aktivere og ta i bruk våre indre ressursar. Han vart ikkje forstått då og blir heller ikkje forstått i dag. Konsekvensane av denne mistydinga ser og høyrer vi kvar einaste dag.

I staden for å lære å bruke sine indre ressursar og vår djupare, til no ubevisste, innsikt, vender ein seg utover og øyder den ytre naturen, som er ei avspegling av vår indre natur. Ein kallar det vekst og utvikling, men det er i illusjonens verd ein lever når ein trur ein må rasere den ytre naturen for å ha noko å ”leve av”. Grådigheit og mangel på djupare innsikt i samanhengar er ein ytterst farleg kombinasjon. Menneska sin uforstand og egoisme har då også skapt ufatteleg mykje liding på jorda til alle tider, og ein vil ikkje eingong gjere noko med det, for ein veit ikkje at det er mogleg. Eine TV- debatten med ekspertar avløyser den andre, utan at ein kjem vidare, fordi ein er ikkje i stand til å sjå dei djupare samanhengane. Det er som å luke ugras og la rota stå att. Dei gamle sjelene som gjennom livserfaring og spirituell utvikling gjennom mange liv ser samanhengane, blir latterleggjort og motarbeidde.

Engebøprosjektet og framtida

I høve Engebøprosjektet og sjødeponiet har det vore flere innlegg om kva vi skal leva av i framtida. Overkriftene har litt variasjon, t. d ." Kva skal vi leve av…", “Noko å leve av…….”osv. Dei som skriv om dette har stort sett vore tilhengarar av Engebøprosjektet og sjødeponiet.

Ein ny variant kan t d. vere denne: “Kva må vi leva av i framtida”.

Vegvedlikehald i Fjaler

Øyfrid Strand sitt lesarinnlegg i Firda 05.01. inneheld nokre synspunkt og påstandar som eg føler for å kommentere nærare.

Fjaler kommune står overfor tøffe økonomiske utfordringar dei kommande åra. Hovudårsaka til dette er at folketalet ikkje veks like mykje som landsgjennomsnittet og dermed får vi reelt sett mindre overføringar. I tillegg har vi aukande oppgåvebelastning innafor ressurskrevande tenester som staten ikkje finansierer fullt ut.

Historia vi ikkje må gløyme, Rysjedal

I eit svar til Jostein Ness i Firda den 22.12. 2014 vert Ness kalla provokatør av Einar Rysjedal. I mitt leksikon frå Cappelen av 1958 står det at “Provokatør er en person som prøver å tilskynde, eller egge, en annen til å begå en forbrytelse”. Har du døme på at Ness har prøvd å få nokon til å begå brotsverk, Rysjedal?

Tungtvatn og atombomba

Fleire kjernefysikarar arbeidde før 2. verdskrigen med teori om korleis ei kløyving av atom i spaltbart materiale kunne utløyse store energimengder; kanskje ein kunne lage ein heilt ny type bombe, ei atombombe? Tyskaren Werner Heisenberg fekk nobelprisen i fysikk i 1932. Hans metode nytta tungtvatn i forskinga omkring atomspalting. I 1942 til 1945 leia han Keisar-Wilhelm-instituttet for fysikk, og leia hæren sitt program for spalting av uran.

Tungtvatn på Vemork

Wanted - Koppevisa

Julestria og feiringa er over. Den landskjende julesangen Det lyser i stille grender….. har som vanleg vore høyrande både i fjernsyn og som live julesong.

Sola vil snu og har snudd i år og, trur eg.

Firda

Følgt av 1438 medlemmar.

» Reglar for debatt i Firda

» Arrangement til Det skjer (Rettleiing)

» Nytt debattinnlegg (Rettleiing)

» Last opp lesarbilete

Dersom du i tillegg kryssar av for «Publiser med ropert», så vert bidraget synleg på fylkessona Fjordaglimt.no, og du får maksimal merksemd kring det du har på hjartet. Meir om sona

Origo Firda er ei sone på Origo. Les meir
Annonse